Gassfeltet Ormen Lange i Storegga området er det fyrste norske offshore prosjektet som foregår utanfor sokkelområdet, og området har ein svært kompleks topografi. Dette gjev ei rekke utfordringar når ein skal finna tekniske løysingar. I dette arbeidet har ein sett på to topografiske utfordringar i området.
Den fyrste utfordringa er den komplekse strukturen til sokkelkanten, der ein finn mange buktningar og nes. Ein gassleidning skal sannsynlegvis leggast ned heile sokkelskråninga i området og eit av nesa vart difor plukka ut og modellert med den numeriske havmodellen BOM. Dette vart gjort for å kartlegga eventuelle straumforsterkningar, indre bølger og turbulens. Resultata gav ikkje indre bølger på lesida av neset. Lebølger assosiert med neset finn ein direkte over neset, og ikkje i det området gassleidningen skal ligga.
Den andre utfordringa var å modellere heile Storegga området, som har form som ein djup og trang undersjøisk dal. I feltmålingar har ein observert mange interressante fenomen her, og i dette arbeidet har ein prøvd å forstå nokre av dei fysiske prosessane. Frå målingar veit ein at det ligg ein jet i området ved omlag 500 meter, og denne jeten var utgangspunktet då ein satte i gang dei numeriske simuleringane. Resultata viser sterk topografisk styring av jeten, og at barotrop instabilitet skapar kvervlar langs jeten som brer seg langs dybdekonturane. Det vart også danna eit omfattande kvervlingsmønster på djupare vatn, som nok oppstår grunna eit komplekst samspel mellom topografi, sjiktning og instabilitetar. Simuleringane viser fleire liknader med feltmålingar frå området.
Innhold: webeditor@gfi.uib.no
Teknisk: webmaster@gfi.uib.no
© GFI 13:55 27/02/2002