Ein mogeleg årsak til den store biomasseproduksjonen i Barentshavet er undersøkt. Rørslelikningane gjev oss at tidvasstraumane vert svært avhengig av djupet når tråleiksfrekvensen vert lik frekvensen til tidvasskomponenten. For dei ulike komponentane svarar dette til ein kritisk breiddegrad på kvar av dei to hemisfærane. Oppdeling av tidvassellipsen til to motsatt roterande straumkomponentar viser at det berre er den antisyklonske komponenten som vert påverka. Straummålinger frå Barentshavet er studert og stadfestar dette. Analyse av CTD-data frå den austlege delen av Barentshavet viser ei svekking av stabiliteten i vatnet nær 74 grader N, som er den kritiske breidda for M2 komponenten. Dette indikerar eit tjukkare tidvassgenerert blandingslag her. Tidlegare snitt i Barentshavet viser ei oppblanding av næringssalt nær denne breidda. Dette kan ikkje finnast i dei undersøkte data.
Innhold: webeditor@gfi.uib.no
Teknisk: webmaster@gfi.uib.no
©
GFI
13:55 9/12/1998