fredag BT KRONIKK
Polarfront gjennom 50 år av HOGSTAD REIDUN D
Alle kjenner radiomeldinga om observasjonar frå vêrskipet «Polarfront» (I eller II) i den og den posisjon. Men kva har eigentleg denne stasjon M på 22N, O2E vore sidan starten 9. juni 1948. Reidun D. Hogstad fortel her om dette velkjende, men også ukjente fenomenet. På stasjon M blir det tatt målingar frå den øvre atmosfære til havbotn. På 2000 m djup er det nå varmare enn tidlegare. Kva er det som skjer?
Den 9. juni 1998 var det 50 år sidan vêrskipet «Polarfront I» for første gong la ut frå Bergen mot den norske vêrskipsstasjonen M, 66N, 02E, i Norskehavet. Vêrskipsstasjon M er ein av dei få vêrskipsstasjonane som framleis er i drift, og den vêrskipsstasjonen i verda som har operert lengst på uendra posisjon. Etter andre verdskrigen ekspanderte den sivile luftfarten. Tryggleik, regularitet og lønsemd var stikkord for den sivile luftfarten og dette var avhengig av pålitelege vêrvarsel. For å få gode vêrvarsel, trongst det regelmessige observasjonar frå dei store havområda. ICAO (International Civil Aviation Organization), som var ein internasjonal organisasjon for den sivile luftfarten, tok initiativ til å opprette vêrskipsstasjonar i Nord-Atlanteren. Det vart utarbeidd planar for eit nett av 13 flytande observatorium i Nord-Atlanteren. Dette var ein gigantplan som ville krevje utlegg på mellom 50 og 100 millionar dollar. Vêrskipsstasjonane skulle utføre meteorologiske observasjonar etter eit fast oppsett program, gi navigasjonshjelp og meteorologiske opplysningar til fly som bad om det, og tene som redningsskip for fly og skip. Stasjonane vart nemnde med bokstavar frå A-M. Utgiftene skulle delast etter den relative interessa dei einskilde landa hadde i den sivile luftfarten over Atlanterhavet. USA tok på seg å drive åtte stasjonar, ein saman med Canada, Storbritannia skulle drive to, Frankrike ein og Belgia og Nederland ein saman. Stasjon M - den trettande og med fonetisk namn Mike - vart problembarnet. Dette var den nordlegaste stasjonen og den einaste som låg på austleg lengdegrad. Han låg eit stykke unna dei transatlantiske rutene som då var planlagde, men stasjonen var særs interessant for Noreg og Sverige ut frå ein reint meteorologisk synsstad.
Vêrskipa kosta like mykje å driva som alle dei meteorologiske institusjonane til saman n Men kostnadene var store, spesielt for eit lite land som Noreg. I 1946 vart utgiftene til drift av stasjonen rekna til 2,2 millionar kroner årleg. Til samanlikning var løyvingane til dei meteorologiske institusjonane i Noreg 2,3 millionar kroner i 1946. Løysinga vart at Sverige Storbritannia og Noreg skulle dele utgiftene. Noreg skulle ha ansvaret for å drive stasjonen, dvs. administrere skipa og syte for mannskap og meteorologisk personale. Staten kjøpte to korvettar, som hadde gjort teneste under krigen, og gav dei namna Polarfront I og II. «Polarfront I» kom til Noreg frå England 20. mai 1948 og sigla ut frå Bergen på det første toktet til stasjon M 9. juni. Skipa skulle veksle mellom å gjere teneste på stasjon M annankvar månad og ha Bergen som fast base. I 1976 vart det siste av dei gamle vêrskipa tatt ut av drift og erstatta med eit skip som reiarlaget Misje Offshore Marine AS hadde fått spesialbygd som vêrskip. Det nye skipet fekk namnet «Polarfront». Fram til 1982 delte «Polarfront» på å gjere teneste på stasjon M med det nederlandske skipet «Cumulus». I dag opererer «Polarfront» stasjon M åleine. Skipet går inn til Kristiansund ein gong kvar månad for bunkring og skifte av mannskap. I byrjinga var det meteorolog, to meteorologfullmektigar og fire meteorologassistentar om bord på kvart skip. ICAO hadde sett opp eit rutineprogram for dei meteorologiske observasjonane, som var felles for alle vêrskipa. Det bestod av vêrobservasjonar frå dekk og aerologiske observasjonar. Dekksobservasjonane omfatta mellom anna lufttrykk, luft- og sjøtemperatur, synsvidde, skymengd, bølgjehøgd og nedbør. Dei såkalla aerologiske observasjonane vart utførte fire gonger i døgeret ved at ein ballong fylt med hydrogengass vart sleppt frå skipsdekket. Til ballongen var det festa små radiosendarar som var utstyrte med termometer, hygrometer og barometer for å måle temperatur, fuktgrad og lufttrykk oppover i atmosfæren. Målet var å få ballongane opp i ei høgd av 30.000 meter. Det meteorologiske observasjonsprogrammet har ikkje endra seg mykje opp gjennom åra, men utstyret har sjølvsagt blitt betre. I byrjinga trongst det fire mann ved ein ballongoppstiging. I dag sender ein mann opp ballongen kvar sjette time. Observasjonane vart sende til mottakarstasjonar på land og derfrå til meteorologiske institusjonar over heile verda. Allereie medan vêrskipsstasjonane var på planleggingsstadiet vart det tatt initiativ til at skipa skulle nyttast til oseanografisk forsking. Dei internasjonale oseanografiske organisasjonane skulle utarbeide eit fellesprogram. Mangel på pengar og utstyr etter krigen førte til at fellesprogrammet vart skrinlagt. Berre frå norsk hald vart det satsa på havforsking alt frå starten av. I Noreg gjekk ei lita gruppe på tre personar i gang med å få i stand eit oseanografisk program for stasjon M. Desse tre var professor Håkon Mosby ved Geofysisk institutt i Bergen, dr. Jens Eggvin ved Fiskeridirektoratets havforskingsinstitutt i Bergen og professor Johan T. Ruud ved Universitetets biologiske laboratorium og Statens institutt for kvalforsking i Oslo. Gruppa hadde raskt klart forslag til rutineprogram for det oseanografiske arbeidet på stasjon M. Dette gjekk i hovudtrekk ut på å utføre hydrografiske målingar for temperatur, salinitet (saltgehalt i vatnet) og oksygeninnhald i standarddjup ned til 2000 meter. Mannskapet og det faste meteorologiske personale utførte rutineprogrammet som ein del av arbeidet sitt. Drifta av det vitskaplege rutineprogrammet vart sikra ved at det vart avsett middel til det på statsbudsjettet alt i 1949. Dette programmet har blitt utført uendra fram til i dag, det har såleis vorte utført på same posisjon og i 50 år utan avbrot. Desse målingane er unike i verdssamanheng. Det er den lengste uavbrotne tidsserien som eksisterer frå djuphavet. Slike lange tidsseriar er interessante ved studiet av klimavariasjonar, og målingane på M har vist seg særs nyttige for studiet av dei heller alarmerande meldingane om klimaendringar dei siste åra. 48 tilsette i kvart skip skapte eit heilt lite lokalsamfunn på havet n I tillegg til skipsmannskapet vart det tilsett meteorolog, to meteorologfullmektigar og tre meteorologassistentar, i alt var det 48 tilsette på kvart skip. Arbeidet om bord var hardt og slitsamt. Vêret var ofte dårleg, særleg vinterstid, og skipa slingra mykje. Lugarane var små og kummerlege. Før ombygginga i sekstiåra hadde meteorologane arbeidsrom under dekk. Varme, oljelukt frå maskinane og støy frå vifter og lysmaskinar gjorde at ein fort vart uvel der inne. Det meteorologiske personalet arbeidde tett saman, og dei var avhengige av kvarandre for å kunne utføre visse arbeidsoppgåver. Vaktplanen var oppsett slik at to og to alltid arbeidde saman på vakt. Dersom desse to ikkje passa ilag, kunne det gå hardt for seg: «Særlig i den senere halvdel av et tokt kommer svakhetene hos den enkelte frem. At en mann ikke greier å holde tritt med de øvriges arbeidstempo er tilstrekkelig grunnlag for irritasjon. Irritasjonen kan utvikle seg til det rene uvennskap, ja, det har virkelig hendt at to har ligget på dørken med strupetak på hinannen!» (Jon Knudsen: «Betraktninger omkring en reise med værskipet «Polarfront I» 14.-30. september 1949», arkivet til VpV. I tillegg var det òg ei viss redsle for at skipa kunne gå ned. John Skaar, som var meteorolog om bord, skriv: «Jeg vet ikke hvor mange ganger vi tenkte at nå går kursen nedover når vindmåleren viste 30 m/s og bølgene slo over skuta.» (John Skaar: «De gamle værskip; «Polarfront I» og «Polarfront II», Været nr. 4, 1978, s. 5.) Det var fare for miner etter krigen. Dei første åra var det kontinuerleg minevakt på skipa. «Polarfront I» søkkte ni miner det første året skipet var i drift. Skipsmannskapet hadde krigsrisikotillegg og sjømannsskatt, men det meteorologiske personalet vart ikkje vurderte som sjømenn og måtte kjempe ein lang kamp for å få dei same rettane. Det meteorologiske personalet hadde rett til ti fridagar etter kvart tokt. Arbeidet viste seg å vere så slitsamt at etter ei tid fekk dei som hadde tenestegjort om bord i meir enn to år rett til ein ekstra feriemånad. Gradvis har skipsmannskapet teke over alt arbeidet om bord, dei utfører både dei meteorologiske observasjonane og det vitskaplege måleprogrammet. I dag er besetningen redusert til åtte mann mot 48 i 1948. Vêrskipsstasjonane var dyre i drift. Alt i 1950 vart talet på vêrskipsstasjonar redusert frå 13 til 10. Utviklinga innan luftfarten gjorde at flya etter kvart fekk få problem med vêrforholda undervegs. Vêrskipa vart òg mindre viktige som observasjonsstasjonar for vêrvarslingstenesta ettersom andre hjelpemiddel, som automatiske bøyesystem og satellittar, vart utvikla. I 1974 vart talet på vêrskipsstasjonar redusert til fire. Og i dag er det berre vêrskipsstasjon M som enda er i drift. Det er uventa at eit lite land som Noreg skulle vere villig til å yte så mykje for å halde ein dyr vêrskipsstasjon i drift, og det er naturleg å spørje kvifor nettopp den norske vêrskipsstasjonen framleis er i drift. I 1953, då vêrskipsstasjonane var truga av nedlegging fordi USA vurderte å trekke seg frå avtalen, vart leiar for Vêrvarslinga på Vestlandet, Finn Spinnanger, bedt om å uttale seg om «betydningen av værskipene i Atlanterhavet». Han meinte at om USA gjorde alvor av å trekke vêrskipa sine tilbake, måtte ein vurdere å flytte nokre av dei europeiske stasjonane vestover. Men han la til: «En må dog i denne forbindelse understreke at værskipet i posisjon M (Norskehavet) ikke må flyttes, da det er særdeles viktig for stormvarslingen langs hele den norske kyst.» (mi utheving) Då stortingsrepresentant Per Hysing-Dahl (H) frå Hordaland tok opp spørsmålet om nye skip til stasjon M i Stortinget i 1971, vende han seg først til Vêrvarslinga på Vestlandet for å få argument i saka. I svarbrevet heitte det mellom anna: «For oss ligger værskipene i Norskehavet i en nøkkelposisjon. Mister vi den, må vi nok se i øynene at kuling- og stormvarslingstjenesten vil bli vanskeligere.» (Harald Johansen, Vêrvarslinga på Vestlandet, i brev av 06.02.1971 til Per Hysing-Dahl, VpV.) I 1989 var situasjonen for vêrskipsstasjon M prekær, og Ap-representanten frå Hordaland, Ranveig Frøiland, tok med alle tenkelege argument: «Fleirtalet meiner at meldingar om drivhuseffekt, klimaendringar, stormvarsel, algekatastrofe, seldød og fiskeressursproblemer er av så stor betydning for folket som bur på kysten, at drifta av skipet må halda fram.» Både Per Hysing-Dahl og Ranveig Frøiland engasjerte seg for å berga vêrskipa n I tillegg var dei låge kostnadene som Noreg klarte å halde, om ikkje ei årsak til at stasjonen framleis er i drift, så eit forhold som har gjort det mogleg å halde stasjonen i drift. Noreg klarte å drive stasjonen monaleg billegare enn alle andre land. Skipa hadde nøktern standard og i forhold til andre land var det ein liten besetning om bord. Då USA vurderte å trekke seg ut av vêrskipsprogrammet i 1953, skreiv amerikanske meteorologar: «... there are various less drastic remedies than a complete discontinuance of the program. One would be to let the Norwegians take over the United States part in the program, since the Norwegians can apparently operate this program at about one fifth of the cost.» (Amerikanske meteorologar i brev til New York Times 7. november 1953, VpV). Effektiviseringa etter at reiarlaget Misje overtok drifta har ført til at det kostar om lag det same å drive stasjonen i dag i absolutte kroner som det gjorde i 1975. Dei seinare åra har meteorologisk institutt sendt ut signal om at vêrskipet kostar meir enn nytteverdien. Derimot er interessa frå klimaforskarane stigande. På ein konferanse i Paris blei det i desember lansert eit nytt stort program (CLIVAR) for klimaforsking der nytteverdien av vêrskipsstasjon M er spesielt framheva. Om «Polarfront» blir oppgradert til eit flytande havobservatorium vil målingane frå M kunne bidra til å gi svar på nokre av dei viktige klimaspørsmål som i dag blir stilte.
Illustrasjon:GRAFIKK
Emne: SKIP; VÆRVARSLING
Institusjon: POLARFRONT
Geografi: NORGE
Side: 26 Språk: BM